Velkomne til Voss Fallskjermklubbairlines

Fallskjermhopping er livsglede!
På Voss er det òg ei makelaus naturoppleving.

Me ynskjer alle velkomne til hoppfeltet vårt, anten det er for å hoppe eller for å drøyme om fallskjermhopping over ein kopp kaffi.

Skydive Voss er det hoppfeltet der det vert gjennomført flest fallskjermhopp i landet. Med aktivitet året rundt har me noko for alle; frå nybyrjarar til verdsmeisterar. Hoppfeltet ligg 5 minutt frå Voss sentrum, og berre ein time frå Bergen. Og midt i mellom hoppfeltet og sentrum: DEN NYE VINDTUNNELEN PÅ VOSS !!!

Skydive Voss er eit velkjend namn internasjonalt, noko me trur skuldast kombinasjonen av den fantastiske naturen og ”Vossaånden” – den opne og inkluderande stemninga på hoppfeltet.